Vil du fiske ?

På infotavle ved Frøysetbrua vil du finna det meste av opplysningar som vedkjem fiske. Der er også ei postkasse for retur av fiskekort og skjellprøvar. Posar for skjellprøve finst ved infotavla.


Fiskekort

Frøyset Grunneigarlag ynskjer velkommen til ein ny fiskesesong.Sesongen er endra til start frå 15. juni til stopp 31.august. Det vert i år berre seld døgnkort, max 15 kort pr. dag. I år vert det og muligheit for fiskeren til å velge starttidspunkt. Det vert ikkje seld manuelle fiskekort. Spørsmål eller problemer ved kjøp, ring 48011906.

Fiskekort kan kjøpast på nettstaden til inatur.no. Du kan betale med Visa eller MasterCard.

Når fisketida di er over er du pålagt å levere fangstrapport. Vi ser helst at du leverer den på nettstaden der du kjøpte fiskekort. Alternativ er å legge den i postkasse ved Frøyset bru.Fiskere som ikkje leverer kort rissikerer å verte nekta adgang til fiske i elva seinere.Fangstrapporten din er viktig for at vi skal kunne utvikle og legge til rette for fisket i Frøysetelva. Hugs å levere skjellprøvar i postkassen på infotavla ved Frøysetbrua.

Kjøp fiskekort
Registrer fangstrapport

Fiskesesong er 15.juni – 31.august

Parkering på merka plassar, sjå kart. Sjå også kart som viser Frøyset Grunneigarlag sitt område

Camping berre etter avtale med grunneigar.

Ver venleg og bruk oppmerka stiar og hald grinder lukka. Det er ikkje lov å gå på dyrka mark.

Er det fleire som ynskjer å nytta same fiskeplassen, rår vi til å byta kvar halvtime.

Vi vil gjerne få tilbakemeldingar og forslag som kan gjera fisket og opphaldet på Frøyset til ei endå betre oppleving.

Bruk naturvett!


Ta med boss, det er lite hyggjeleg at andre skal måtta ta det !

Skitt fiske !